Leiarkonferansen har signert kontrakt med Premium partnar

Praten går lett rundt bordet i Sparebanken Møre sine lokale i Ulsteinvik. Stemninga er særs god mellom banksjef Hege Karete Hamre og prosjektleiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum. Kanskje ikkje så rart. Leiarkonferanse har nett signert kontrakt med Premium partnar, Sparebanken Møre. –  Det er akkurat slik vi vil ha det, seier Anna Klara –  Aktive partnarar, som kjem med gode innspel og gjer oss enda betre. Saman skal […]

Håp på Heimebane

Magasinet Heimebane skal vere til glede og inspirasjon i kvardagen. Og kanskje meir enn nokon gong trengte vi dette no. Tusen tusen takk til alle fantastiske samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg. I mars var alt usikkert, og eit lokalt magasin stod ikkje på prioriteringslista til verken underteikna eller støttespelarar. Desto meir kjekt er det at vi fekk til denne utgåva no. Det gir håp om framtida til både Sytalaust […]

Kreative Høddvollbarnehagen

Kunst, kultur og kreativitet er eit viktig fagområde i rammeplanen for barnehagar, med eit ekstra fokus i månadane før jul. Føremålet er å stimulere borna sin fantasi og skaparglede. For kreative Høddvollbarnehagen i Ulsteinvik er det ekstra stas å ha sin eigen kunstnar med på laget. Marine Glischke (33) er barnehageassistent med kunstnerisk bakgrunn, noko både borna og resten av personalet set umåteleg pris på! Utstilling i barnehagen Marine si […]

Kristine Gølin Haddal

Kristine og Karsten

Året 2020 har vore eit veldig spesielt år for oss alle, også for Team Warholm. Planen for året vart snudd heilt på hovudet etter at dei gjennomførte Karsten Warholm International (KWI) i Ulsteinvik i februar. Det kan likevel sjå ut som at Karsten og teamet rundt har klart å snu det heile til noko positivt. Vi tok ein prat med Kristine Gølin Haddal, mamma og manager til verdsmeistaren.

Fotograf Marius Beck Dahle

Koronapandemien har ført med seg både det eine og andre. Magasinet Heimebane vel å fokusere mest på det positive, og den kreativiteten denne tida har gitt oss. Ekstra kjekt er det at den særeigne og dyktige fotografen Marius Beck Dahle er like impulsiv og kreativ som oss, og at han takka ja til eit SMS-intervju med magasinet. Dette var både smittevenleg, effektivt og veldig gøy.

Tusen takk.

Heime på Vågsholmen

FOR ein fantastisk plass. Med ei heilt MAGISK utsikt. Yst i havgapet. På Hornsetstranda mellom Nørvågen og Vågsholmen rett ved Fosnavåg sentrum, ligg huset til Elisa Giskeødegård Hareide og Trym Karstensen Vågsholm. Paret har nettopp flytta inn i Nørvågvegen 62, og magasinet Heimebane er så heldige å få ein liten kik.

Familien Fiskerstrand

– Det var litt slaps, men ikkje glatt. Eg såg ned på speedometeret. Pila viste fornuftige 70 km/t. Eg såg opp, og brått var alt kvitt. Så smalt det.

Arve (48) og Pernille Fiskerstrand (36) tek oss med tilbake til den dramatiske dagen, då Arve vart utsett for ein front mot front kollisjon, like ved Morkaåstunnelen i Volda. Torsdag 14. november 2019, ein forferdeleg dag fylt av sjokk, smerte, redsel og usikkerheit.

Vi er då herifrå…

Ahh.. På tirsdag hadde vi ein veldig fin tur. Som vanleg var det mykje «mosking» og suring før vi kom oss ut, men desto kjekkare når vi endeleg var ute og i gong. Vi fekk med oss storegutane på sykkel oppover og bak Vassverket, og «lokka» med kor kjekt det ville bli å sykle heimatt i «full dryl». Dei gjekk fem på, og eg er imponert over innsatsen dei hadde […]

Sommarfuglar i magen…

PÅ DAGEN mista eg omtrent alt av oppdrag, og koronaen har «dessverre» gitt meg meir tid. Tid til å tenke nytt, tid til å oppdatere meg innan fleire områder, og ikkje minst, tid til å utforme og fornye heimesida til SYTALAUST. Det er med sommarfuglar i magen eg no lanserer den nye nettsida. Her kan du lese meir om SYTALAUST sine tenester og ulike kundeprosjekt, samt litt om DAGENS oppdateringar. […]

Sommar på heimebane

Juni er over for denne gongen. Smeis for nokon magiske dagar vi har hatt. Og vi har brukt dei godt. Fleire turar både til fjell og strand, grilling, og late kveldar på terassen med nydeleg utsikt. Eg klarer ikkje gå å legge meg på slike kveldar. Vil berre nyte litt til… Nyte har forøvrig kidsa også gjort. Eg trur dei har bada kvar dag i snart to veker. Sandkorna vil […]

Manda morra blues…

Slik var det ja! Sommarferien kjem like dettande på meg kvart år. Heimekontor i skuleferien, er ikkje like sytalaust for «a mor». Fleksibelt ja, men produktivt- nei. «Mamma? Kan vi fare å bade, kan vi få is,eg kjedar meg, kan eg få besøke han, kan han besøke meg, kan du kjøre meg, kan du hente meg??! Nokon dagar er slik, men sum sumarum, så går det ganske greit. For no […]

Sytalaust i Corona-tid?

Verda er i unntakstilstand, og vår stille krok får også kjenne på kva det vil seie å vere ein del av verdssamfunnet. Små lokale bedrifter mister store deler av livsgrunnlaget, og mange føler usikkerheit og ekstra utfordringar i desse dagar. Slik er det også for Sytalaust. Tidleg i 2020 låg alt til rette for nye, spennande prosjekt og samarbeid, og framtida var lys og triveleg. Men 12.mars gjekk Erna på […]