LIADAL LAGER – SKAPARGLEDE på 16.000 kvadrat

John Ivar Solvang, her saman med Bjørnar Vartdal frå Sparebanken Møre, tok over fabrikken etter gamle Sandvik Møbler i 2017, og har sidan då gjort det godt med Liadal Lager

Liadal Lager

Sparebanken Møre møter ein engasjert lokalpatriot frå Liadal i Ørsta kommune. John Ivar Solvang (40) tok over fabrikken etter gamle Sandvik Møbler i 2017, og har sidan då gjort det godt med Liadal Lager.

–Det har gått jamt oppover, ja, seier John Ivar beskjedent.

–  Høyr han. Her er det underdriving heile vegen, ler Bjørnar Vartdal, autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre. Han er også John Ivar sin gode kunderådgjevar. – Dette er ei suksesshistorie frå ende til annan. Du har jo faktisk firedobla aktiviteten sidan du tok over!

– Ja, aktiviteten har gått mykje opp. Det er sant. Men her er det mykje potensiale igjen. Vi må berre stå på vidare og halde fokus, fortel John Ivar engasjert.

Draumen om å drive sitt eige

Vi sit inne på kontoret hans. Eit lite rom inne i den store hallen. Utanfor kontordøra er det mange kvadrat med industrilokale. Vi kan skimte både bubilar, bussar, veteranbilar, motorsyklar og båtar. Dei står tett i tett, pertentleg «opplina», på rekke og rad.

– Kva fekk deg til å ta over dette enorme bygget?!
– Det var nok draumen om å drive for seg sjølv. Motivasjonen til å skape noko. Eg jobba tidlegare litt for Sandvik Møbler, kjente bygget godt, og visste det var gode moglegheiter til å få til noko. I tillegg har eg vokse opp her på Liadal og engasjerer meg i Ørsta. Det er godt å endeleg sjå lys i fabrikken igjen…


Liadal Lager – skaparglede på 16.000 kvadrat med store mogelgheiter.

Sa opp jobben – satsa alt på Liadal Lager

John Ivar ville satse alt på Liadal, og valde for eit år sidan å seie opp jobben sin ved Høgskulen i Volda. Dette angrar han ikkje eit sekund på. – Absolutt ikkje! Eg ser no at eg ikkje er laga for ein åtte til fire jobb, meir som åtte til åtte.

– Men blir det ikkje litt einsamt med ansvar for alle desse kvadratmeterane?!
– Einsamt?! Her er det så mykje folk innom i løpet av dagane at eg er nesten aldri åleine. Det er kjekt å sjå at gamle Sandvik har blitt ein møtestad for både samtale, hobby og næring. Samtidig har kompanjongen min, Roy Inge Nupen, vore med på laget sidan oppstarten. Han er berre heilt fantastisk! I fellesskap kjem vi med gode løysingar. Han har blant anna utforma nettsida vår med tilhøyrande bestillingssystem for lagerplass, seier John Inge fornøgd.

Relasjon til banken

Det er tydeleg at han og Bjørnar også har ein tett relasjon. – Ja, vi har god kontakt, med mykje drodling og diskusjon. Om John Ivar får ein ny kreativ tanke, spør han meg om råd både når det gjeld idéen og det økonomiske. Det er veldig kjekt å få representere banken i dette prosjektet og bli med på denne reisa, fortel Bjørnar.

 – Ja, vi har eit unikt og tett samarbeid, supplerer John Ivar. – Sparebanken Møre har vore alfa omega for å kunne få til dette. Eg set stor pris på å kunne ha direkte kontakt med lokalbanken. Dei er flinke til å prioritere og gi tilbake til lokalsamfunnet vårt.

Skaparkraft og arbeidslyst

Bjørnar er likevel ærleg på at det ikkje er kven som helst som kunne ha fått til alt dette. – Det er viktig å nemne at banken ikkje hadde innvilga lån til eit slikt prosjekt utan å ha trua på personen bak. Kombinasjonen med å vere både eit ihuga arbeidsjarn og ein fornuftig realist har gjort at John Ivar har lykkast. Mange ville nok trudd at eit stort lokale driv seg sjølv, med nedbetalt lån på kort tid. Men slik er det ikkje. Her er det arbeidslyst og ståpåvilje som tel, kvar einaste dag.

John Ivar er smigra. – Nei, ingenting kjem gratis! Det er heilt sikkert! Om ein ikkje gidd å gjere noko sjølv, kan ein berre gi opp. Fokus har heile vegen vore å rydde opp etter gamal drift, og gi plass til nytt, fortel John Ivar ivrig. Det er tydeleg at dette er ein forretningsmann med skaparglede kvar dag.

Fritidssenter

– Draumen er at Liadal Lager i tillegg til å vere eit næringsbygg, ein dag skal bli eit fritids- og servicesenter. Då med ein gunstig totalpakke for brukarar av alle køyretøy både på sjø og land; lagring, båtslipp, pumpestasjon, service, etc. Men vi får sjå korleis det utviklar seg, seier John Ivar.

– Og når du i tillegg får dreisen på Rjånes Feriesenter, blir dette veldig bra, legg Bjørnar til.

– Meiner de no det gamle misjonssenteret ved den nedlagde ferjekaia på Rjåneset?!
– Ja! Vi tok over dette berre tre dagar før koronapandemien stengde ned landet. Ikkje like kjekt når det omtrent ikkje har landa fly her på eit år, flirar han. – Men det er sjølvsagt der vi skulle ha vore i dag. Med strålande sol og vindstille, finnast det ikkje nokon vakrare stad på Sunnmøre enn Rjånes. Vi kan ta ei omvising på lageret her først, så køyrer eg oss ut dit etterpå.

Vartdal Plast

John Ivar likar betre å vise fram det som skjer på lageret, enn å snakke om det. Han tek oss med frå den eine hallen til den andre, mellom rekker av store og små køyretøy. Vartdal Plast er ein av kundane som nyttar ein del av Liadal Lager til resirkulering av Styropor (EPS). John Ivar viser korleis dei sorterer EPS etter fraksjon, eigenskap og farge, og fortel at han ofte tek turen innom her for å hjelpe til. – Det er veldig kjekt at Vartdal Plast ønska å opne satsinga si med resirkulering av EPS her på lageret vårt. Dette har gitt oss veldig god reklame. Vi spelar kvarandre gode.

Han tek oss med vidare innover i bygget, og det er rart å tenke på at alt dette tidlegare var ein møbelfabrikk med om lag 170 tilsette. 60 års historie sit i veggane, og vi kan sjå restar av furumøblar i fleire av romma. – Ja, dette er veldig spesielt. Tenk i 1997 var Sandvik Møbler ei av Noregs mest lønsame møbelbedrifter, og ikkje lenge etterpå var det over, seier John Ivar. Han viser oss den gamle resepsjonen, kontorlokala, og «showroomet», som han no leiger ut som selskapslokale. Til slutt tek vi turen innom den gamle monteringshallen i fabrikken, der bedrifta Ørsta Antirust no tilbyr rustbehandling av bilar.


Vartdal Plast starta satsinga si med resirkulering av EPS i lokala til Liadal Lager. – Dette har gitt oss veldig god reklame. Vi spelar kvarandre gode, seier John Ivar Solvang.

Rjånes Feriesenter

Vi set oss i bilen. Den viser at John Ivar også er ein travel familiefar. – Hehe, ja, eg kan ikkje rydde overalt, smiler han. – No er vi også snart ferdig med å rydde og pusse opp borte på Rjånes. Fire store hytter på om lag 50 kvadrat er oppgradert og nymøblert. I tillegg har vi mala og ordna til kaféen og konferanserommet i hovudhuset, forklarar han ivrig, og fortel at kaféen no er open frå onsdag til søndag kvar veke, med servering av både søtmat og middagar.

Vi svingar inn på parkeringsplassen ved hyttene. Turen bort frå Liadal Lager tek berre eit par minutt, så John Ivar har kort veg frå den eine næringa til den andre – frå lager til turisme.


John Ivar og Bjørnar har ein tett relasjon, med økonomisk diskusjon og drodling om nye idéar. Her frå Rjånes Feriesenter kan ein sjå bort på Liadal Lager.

Fornuft og følelse

Han viser stolt fram hyttene og resten av anlegget. Totalt har han 60 sengeplassar, og kan servere over 100 spisegjestar. John Ivar fortel om planane framover. – Så då blir det tilrettelagt for bubilparkering her, fiskeplass der, samt småbåthamn med utleige av båt. Alt perfekt tilrettelagt for både små og store selskap, helgeturar, eller ferie på Rjånes, sommar som vinter, inviterer han.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at John Ivar har ein ekstra følelse for denne plassen. – Heilt klart! Her leika eg mykje då eg var liten. Og det er kanskje den skumlaste måten å gjere forretningar på, når følelsane tek over for butikken, innrømmer han, men har likevel tru på at han har gjort det rette. – Det er mange på Sunnmøre som har mange gode minner frå Rjånes Ungdomssenter, og vi håper dette kan førast vidare inn i turistsatsinga vår.

Bjørnar kunne ikkje ha vore meir einig. – Eg trur du gjorde eit veldig bra kjøp her, John Ivar. Dette er heilt klart Ørsta si finaste tomt, med veldig stort potensiale.

– Ja, no må vi berre gle oss til våren og sumaren. Sitte ute på terrassen her med noko kaldt i glaset, og berre nyte utsikta utover fjorden, Sunnmørsalpane og Liadal Lager rett der borte. Meir magisk enn dette blir det ikkje, avsluttar drivar og forretningsmann, John Ivar.

Jan Ivar gler seg til våren og sumaren – til å kunne sitte ute på terrassen og berre nyte utsikta utover fjorden, Sunnmørsalpane og Liadal Lager

Sytalaust takkar Sparebanken Møre for eit veldig interessant oppdrag med med tekst, bilete og film av Liadal Lager. Du kan også lese artikkelen her: https://engasjert.sbm.no/naringsliv/skaparglede-pa-16-000-kvadrat/

Sparebanken Møre og Sytalaust har ein god relasjon. Les om fleire oppdrag her: https://www.sytalaust.com/relasjonar/