Håp på Heimebane

Magasinet Heimebane skal vere til glede og inspirasjon i kvardagen. Og kanskje meir enn nokon gong trengte vi dette no. Tusen tusen takk til alle fantastiske samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg. I mars var alt usikkert, og eit lokalt magasin stod ikkje på prioriteringslista til verken underteikna eller støttespelarar. Desto meir kjekt er det at vi fekk til denne utgåva no. Det gir håp om framtida til både Sytalaust […]

Kreative Høddvollbarnehagen

Kunst, kultur og kreativitet er eit viktig fagområde i rammeplanen for barnehagar, med eit ekstra fokus i månadane før jul. Føremålet er å stimulere borna sin fantasi og skaparglede. For kreative Høddvollbarnehagen i Ulsteinvik er det ekstra stas å ha sin eigen kunstnar med på laget. Marine Glischke (33) er barnehageassistent med kunstnerisk bakgrunn, noko både borna og resten av personalet set umåteleg pris på! Utstilling i barnehagen Marine si […]

Kristine Gølin Haddal

Kristine og Karsten

Året 2020 har vore eit veldig spesielt år for oss alle, også for Team Warholm. Planen for året vart snudd heilt på hovudet etter at dei gjennomførte Karsten Warholm International (KWI) i Ulsteinvik i februar. Det kan likevel sjå ut som at Karsten og teamet rundt har klart å snu det heile til noko positivt. Vi tok ein prat med Kristine Gølin Haddal, mamma og manager til verdsmeistaren.

Fotograf Marius Beck Dahle

Koronapandemien har ført med seg både det eine og andre. Magasinet Heimebane vel å fokusere mest på det positive, og den kreativiteten denne tida har gitt oss. Ekstra kjekt er det at den særeigne og dyktige fotografen Marius Beck Dahle er like impulsiv og kreativ som oss, og at han takka ja til eit SMS-intervju med magasinet. Dette var både smittevenleg, effektivt og veldig gøy.

Tusen takk.

Heime på Vågsholmen

FOR ein fantastisk plass. Med ei heilt MAGISK utsikt. Yst i havgapet. På Hornsetstranda mellom Nørvågen og Vågsholmen rett ved Fosnavåg sentrum, ligg huset til Elisa Giskeødegård Hareide og Trym Karstensen Vågsholm. Paret har nettopp flytta inn i Nørvågvegen 62, og magasinet Heimebane er så heldige å få ein liten kik.

Familien Fiskerstrand

– Det var litt slaps, men ikkje glatt. Eg såg ned på speedometeret. Pila viste fornuftige 70 km/t. Eg såg opp, og brått var alt kvitt. Så smalt det.

Arve (48) og Pernille Fiskerstrand (36) tek oss med tilbake til den dramatiske dagen, då Arve vart utsett for ein front mot front kollisjon, like ved Morkaåstunnelen i Volda. Torsdag 14. november 2019, ein forferdeleg dag fylt av sjokk, smerte, redsel og usikkerheit.