Håp på Heimebane

Magasinet Heimebane skal vere til glede og inspirasjon i kvardagen. Og kanskje meir enn nokon gong trengte vi dette no. Tusen tusen takk til alle fantastiske samarbeidspartnarar som har gjort dette mogleg. I mars var alt usikkert, og eit lokalt magasin stod ikkje på prioriteringslista til verken underteikna eller støttespelarar. Desto meir kjekt er det at vi fekk til denne utgåva no. Det gir håp om framtida til både Sytalaust og næringslivet rundt her. For ein ting er sikkert, med vår vinnarvilje og skaparkraft, gir vi oss ikkje så lett.

Korona meg her og korona meg der.. Ja, vi har eit virus gåande, og eg tenker vi er heldige som bur akkurat her akkurat no. Etter å ha snakka med mykje fine folk til denne utgåva, som deler både stort og smått, minnast vi om at det finnast meir her i livet enn denne pandemien, som for nokre kanskje set større spor. Sonja har rapportert frå fronten i krigsherja land, Arve har frontkollidert, Pernille og Therese har møtt veggen, nokon har vore utan jobb – også eg. Men felles for oss alle, er at vi har reist oss igjen. Og i skrivande stund, fortel nyheitene at den fyrste vaksinen er sett. Det er håp på heimebane.

Så ser vi fram til eit sosialt og klemmerikt 2021

Smil Ellen


Tekst og foto: Ellen Skodjevåg Bø
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/