LITT OM GRÜNDEREN

Skaparen med vinnarvilje.

Det er rart, kor namn plutseleg berre dukkar opp. Slik var det med SYTALAUST. Eg hugsar det. Under ein middag ved hjørnet av kjøkenbordet, kom namnet. Ein skikkeleg godfølelse. Alt stemte. Plutseleg var eg gründer, og businessen var skapt.

Kanskje ikkje så rart likevel, når eg tenker meg om. Eg er ei sytalause «kjelle» som liker å vere kreativ, skape og tenke enkelt om mykje, men også fundere meir detaljert om andre ting. Ein god og viktig kombo, trur eg.

Etter fem år med SYTALAUST har eg skapt og vunne tillit blant mange. Veldig kjekt. Og når eg no blir omtalt som ho «derre sytalause», kan ein vel seie at profil og merkevarebygging har fungert.

Skaparkrafta finn vi også på heimebane 🙂 Tre herlege gutar, og prinsessa som erobra heile kongerike vårt til slutt. Travelt?! Ja! Men nauta kjekt også.

Eg har ein knakande kjekke mann, som bidreg både på privaten og i businessen. Vi utfyller kvarandre og treng ikkje seie mykje før vi veit ståa 🙂 Klassisk er oppvaskmaskina. Logistikken og stablinga der, den kampen vinn eg aldri…

Eg prøver å halde meg i form, og tek gjerne ein joggetur før ettermiddagsrushet set inn. Dette gir meg energi og eit herleg påfyll til resten av dagen. Vi er omkransa av majestetisk natur, som eg elskar å vere ein del av.

Sytalaust!

Sirkus Skodjevåg Bø