Sytalaust i Corona-tid?

Verda er i unntakstilstand, og vår stille krok får også kjenne på kva det vil seie å vere ein del av verdssamfunnet. Små lokale bedrifter mister store deler av livsgrunnlaget, og mange føler usikkerheit og ekstra utfordringar i desse dagar.

Slik er det også for Sytalaust. Tidleg i 2020 låg alt til rette for nye, spennande prosjekt og samarbeid, og framtida var lys og triveleg. Men 12.mars gjekk Erna på podiet og det var bom stopp. Ny utgivelse av magasinet Heimebane måtte leggast på is, eit spennande samarbeid med Noregs største mediehus, Egmont, blei stoppa, i alle fall inntil vidare. For ein nedtur! Skuffelsen var til å ta og føle på.

Men; som smarte folk har påpeika mange ganger før – kriser betyr også mogelegheiter. Sytalaust jobbar vidare, og held døra opa for nye oppdrag. Mange treng ekstra hjelp til både kommunikasjon, pressemeldingar, og kanskje forskjellige former for salgsarbeid og/eller konsulentarbeid på ein Sytalaus og fleksibel måte, utan å knytte seg opp med store kostnader. Har du eit oppdrag, lite eller stort – ring til Ellen på 402 402 26.

Lykke til og hald ut. Vi kjem oss gjennom dette saman.