Kreative Høddvollbarnehagen

Kunst, kultur og kreativitet er eit viktig fagområde i rammeplanen for barnehagar, med eit ekstra fokus i månadane før jul. Føremålet er å stimulere borna sin fantasi og skaparglede. For kreative Høddvollbarnehagen i Ulsteinvik er det ekstra stas å ha sin eigen kunstnar med på laget. Marine Glischke (33) er barnehageassistent med kunstnerisk bakgrunn, noko både borna og resten av personalet set umåteleg pris på!

Utstilling i barnehagen

Marine si skaparkraft blomstrar i heile barnehagen, og ein kan sjå kunstverk av henne på alle dei tre avdelingane; Mikkel, Klatremus og Brumlemann. Veggane er pryda med store veggmåleri, med motiv frå historia om Hakkebakkeskogen og andre kjente eventyrfigurar frå Torbjørn Egners verden. I tillegg har kunstnaren ei lita utstilling i gangen mellom avdelingane, der både borna, personalet og foreldre kan nyte hennar flotte kreasjonar av både dyr og flott natur.

Sjølv jobbar Marine mest på Mikkel, småbarnsavdelinga, men av og til får også dei to andre avdelingane ta del i hennar kreativitet. Som no når magasinet Heimebane er på besøk. Inne på det grøne rommet sit fire småtroll forventningsfulle på kva dei skal få lage. Papiret er spent opp, og borna skal få prøve seg på akvarellmåling.

Dompap og salt

– Ser dokke denne fuglen her? Den heiter dompap. Den skal de fyrst få teikne med blyant, før vi skal måle den med mykje vatn, fargar og salt, instruerer Marine ungane, som eg ser stussar litt over både «dompap» og «salt». Men medan dei små hendene formar dei søtaste fuglane, får eg tid til å snakke litt meir med kunstnaren. Sjølv har underteikna studert teikning, form og farge, men ser at Marine sin strek tilhøyrar eit heilt anna nivå.  

– Du, dette ser jo leikane lett ut for deg? Har du alltid hatt interesse for form og farge?
– Eigentleg, ja. Heilt frå eg var lita har eg likt å teikne og male. På barneskulen i Armenia, der eg er ifrå, hadde vi veldig fokus på det kreative. Etter skuletid, som SFO, kunne vi også velje mellom ulike aktivitetar, og då likte eg veldig godt å teikne.

– Stemmer det at du har Master i måling?
– Ja, etter vidaregåande starta eg på Kunstakademiet i Armenia. Her gjekk eg fyrst tre år med kle-design, før eg ombestemte meg, og bytta til spesialisering i teikning og måling. Mastergrada gjekk over heile fem år, forklarar Marine. No skjønar eg litt meir kvifor hennar dompap er så proporsjonal korrekt, og veldig fin.

Fire flotte «pippar», som eit av borna kallar det, er skissa ferdige, og dei små gler seg til å få holde kvar sin store pensel. Fyrst fortel Marine borna at dei må pensle mykje reint vatn over på papiret før dei kan måle. – På denne måten vil fargane flyte utover og lage ein fin effekt, og saltet kan de bruke til å stoppe fargane, forklarar ho.

Uttrykke seg gjennom form og farge

Det er fasinerande å sjå korleis dei små finn roa i aktiviteten, og at kvar og ein skaper sitt heilt eige kunstnariske uttrykk. Eg spør Marine om kvifor ho meiner kunst og kultur er så viktig for borna allereie frå barnehagestart.

– Det er veldig viktig at barnehagen legg til rette for at ungane også får utrykke seg gjennom form og farge, samt får kjenne på gleda av å skape noko. Kreativitet saman med andre gir også ei stor grad av samhald og glede. Sjå berre her kor dei kosar seg!

Marine er opptatt av at det er prosessen fram til det ferdig produktet som er viktig, meir enn sjølve produktet. – Ja, borna skal ikkje vere så opptatt av korleis det ser ut til slutt, og heller lære seg ulike teknikkar, og kjenne og føle på ulike material. Slik som her. Dette er fyrste gongen desse borna har fått måla med akvarell, og brukt salt på denne måten.

Inspirasjon frå borna

– Kvar hentar du inspirasjonen frå?
– Eg får mykje inspirasjon frå borna her faktisk. Kanskje oppdagar dei, heilt ubevisst, ein effekt som eg vil prøve ut i mine bilete. Eg likar veldig godt å kombinere ulike teknikkar, som akvarell med både blyant og ulike pennestrøk. Angåande motiv så går det mest i dyr, landskap og sjø. På sumrane er eg glad i Fløstranda og måle motiv av den flotte naturen der, seier Marine entusiastisk, som også fortel at det blir nokon private bestillingar gjennom året.

Kunsten er å klare å stoppe før dompapen blir til noko anna. Borna er fornøgde og smilar over eigen prestasjon. Styrar i barnehagen, Kathrin Rise, kjem akkurat innom for å inspisere. – Sjå dei nydelege måleria. Eg er berre heilt imponert! Det er så kjekt å få ha Marine med på laget. Både borna og vi i personalet lærer så mykje kreativt av henne. Salt?! Kva har dokke brukt det til?!


Tekst og foto: Ellen Skodjevåg Bø
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/