Manda morra blues…

Slik var det ja!
Sommarferien kjem like dettande på meg kvart år.

Heimekontor i skuleferien, er ikkje like sytalaust for «a mor». Fleksibelt ja, men produktivt- nei. «Mamma? Kan vi fare å bade, kan vi få is,eg kjedar meg, kan eg få besøke han, kan han besøke meg, kan du kjøre meg, kan du hente meg??!

Nokon dagar er slik, men sum sumarum, så går det ganske greit. For no har skulegutane blitt så store at dei styrar seg mest sjølv. Dei har fått respekt for min arbeidskvardag, på lik linje med at eg prøvar å ha respekt for deira feriebehov.

Erfaring kjem godt med.
I år har eg bestemt meg for å senke krava, og ikkje tru at eg skal klare å revolusjonere verda før fellesferien. Heller vere meir til stade i mine born sine behov, og med dette KANSKJE få ein litt meir harmonisert kvardag i heimen. Men enkelt å skrive.. To be continued… 🙂