Sommar på heimebane

Juni er over for denne gongen. Smeis for nokon magiske dagar vi har hatt. Og vi har brukt dei godt. Fleire turar både til fjell og strand, grilling, og late kveldar på terassen med nydeleg utsikt. Eg klarer ikkje gå å legge meg på slike kveldar. Vil berre nyte litt til…

Nyte har forøvrig kidsa også gjort. Eg trur dei har bada kvar dag i snart to veker. Sandkorna vil vi nok ha i hus og bil fram til jul. Men likevel så verdt det!

No er juli her, og eg håper på like fine dagar, sjølv om eg innerst inne veit at det kjem «sommardagar» på under ti grader. Slik er det berre å bu her. Litt av sjarmen seier dei 🙂

Uansett, om du manglar lesestoff på varme eller kalde sommardagar, ta gjerne ein kik i tidlegare utgåver av HEIMEBANE. Då gløymer du vêret, og er glad og stolt av å få bu på Sunnmøre, uansett!

Tidlegare utgåver finn du her: https://www.sytalaust.com/heimebane/

Frå sommarutgåva av HEIMEBANE i 2019. Like gjeldande i år. Les gjerne heile denne utgåva her:

https://indd.adobe.com/view/9095a7f3-7704-4bdb-9d10-34b643864294?fbclid=IwAR0R0_hDEp-8iKLxkW8rJq7i3iazsttdInbgq_fkrVJqUNjJTiX5wsXQr-8