Administrerande direktør – Tommy Walaunet

Ein må vere litt «gapen»

Etter å ha jobba i Island Offshore sidan 2007, tok Tommy Walaunet (46) i 2019 over roret som administrerande direktør, etter Håvard Ulstein. No har Walaunet drive skuta i over eitt år, og han er ærleg på at kvardagen og oppgåvene er tydleg endra.

– Dette er heilt klart ei ny rolle for meg. Med ansvar for dei tilsette, båtar i arbeid – ja, heile den totale drifta. Det er sjølvsagt også spesielt når ein får ei slik krise som no. Då kjenner ein ansvaret litt ekstra på kroppen, innrømmer han.

Men i samtalen med Tommy får vi inntrykk av ein roleg og reflektert leiar, som ikkje ber preg av å ha mista nattesøvnen av koronaen.

– Eg søv godt om natta, heldigvis. Dette mykje takka ein god skule frå min tidlegare sjef. Håvard har alltid sagt at ein må vere litt «gapen» for å ha ein slik jobb. Ein kan ikkje gå rundt å bekymre seg for alt som kan gå gale, då får ein ikkje fred. Ein må legge det frå seg, og heller fokusere på dei tilsette, at dei har det bra. Slik kan vi drive butikken vidare saman.

Tommy står fram som ein likande kar med gode eigenskapar. Men sjølv synes han det er vanskeleg å svare på kva som kjenneteiknar ein god leiar. 

– Ja, dette er eit samansett spørsmål med eit samansett svar. Men eg meiner det er viktig å ha god intuisjon og ei interesse for å ville leie andre. Samtidig må du vere glad i folk, og ha evne til å inkludere og utvikle dei tilsette til å ville yte for bedrifta, inspirerer han.

Ein perfekt storm

Island Offshore tel i dag om lag 950 tilsette. 50 av dei sit på kontoret i Ulsteinvik, og 900 er fordelt på 25 ulike båtar rundt om i verda. Walaunet beundrar sine tilsette og den omstillingsevna dei har vist gjennom koronapandemien.

– Ja, den evna har vore heilt unik. Ved «lockdown» 12. mars, vart alt snudd på hovudet her, og vi måtte alle omstille oss. Vi oppretta raskt ei beredskapsgruppe for å kartlegge risikoen og korleis best handtere situasjonen for selskapet. Mest utfordrande var kommunikasjonen med alle båtane rundt om. Den måtte tilpassast kvart land og ulike myndigheiter sine retningslinjer. Samtidig var logistikk og gjennomføring av mannskapsbytte vanskeleg, med flytrafikk som stoppa opp, ulike karantenereglar, og det å klare og halde folk friske både ute og heime, forklarar Walaunet.

Han trur bedrifter på Sunnmøre blir ekstra sårbare i ein slik situasjon, spesielt når ein er så utadretta og avhengig av aktivitet med samarbeidspartnarar både innanlands og utanskjers. Tommy meiner denne pandemien minner om ein perfekt storm.

– Heilt klart! Smittevern, kombinert med å få marknaden i trynet, nedgåande oljepris, og kontraktar som har blitt kansellert og utsett. Alt dette minner oss veldig om ein perfekt storm. Og aldri før har verdikartet vårt vore meir viktig for å klare å navigere bedrifta gjennom denne stormen. Det er ikkje alltid like enkelt i ein krisesituasjon å velje mellom kostnadsreduksjon eller profitt, meiner han.

Smittefri flåte

Heldigvis, har Island Offshore så langt klart å «stå han av». Ihuga innsats og gode smittevernrutinar har gitt resultat

– Ja, dette har vore ein solid dugnad frå alle partar. Eg kan ikkje få takka alle godt nok, rosar administrerande direktør, som meiner innsatsen har resultert i ein smittefri flåte.  – Vi har hatt fleire mistenkte tilfelle med liknande symptom som korona, men heldigvis med negativt testresultat. Konsekvensane kunne blitt utfordrande om mannskap om bord i båtane, i eit såpass lukka miljø, hadde testa positivt. Men om dette skjer, så er vi sjølvsagt budde på å handtere denne situasjonen også, forsikrar han.

Permittering

Tross marknadsutfordringar, som Walaunet meiner vi ikkje har sett den totale rekkevidda av enda, er han stolt over å ha klart å segle med rett kurs dette siste halve året. På spørsmål om selskapet har måtte permittere, svarer han audmykt.  – Det er mange bedrifter som har hatt det tøffare enn oss, med aktivitet som har stoppa heilt opp. Vår inntening har sidan mars vore minimal, men vi har likevel klart å halde båtane i gong og folk i arbeid, fortel Tommy. Han er glad for at Island Offshore så langt har unngått å måtte permittere.

Den nye normalen

Samtidig finn Walaunet fleire positive effektar av den negative tida. – Pandemien har absolutt gitt oss eit spark bak og framskunda bruken av digitale verktøy. Dette har blitt ein ny normal for fleire bedrifter, også for oss i Island Offshore. Vi saknar sjølvsagt å få møte folk igjen, den gode relasjonen med kundar og samarbeidspartnarar, men inntil vidare er den digitale møteplassen eit godt supplement fram til pandemien rundt om i verda har roa seg, meiner han.

Sjølv har ikkje Walaunet vore på ein flyplass sidan midten av mars. – Eg meiner vi må vere forsiktige, og eg trur denne krisa har gjort oss meir effektive og beviste på reiseaktiviteten til bedriftene. Vi treng ikkje måtte reise over heile verda lenger for å oppnå noko.

No ser Tommy Walaunet fram til å stå på scena i Ulsteinvik, saman med andre næringslivstoppar under «The New Normal» 24. september. – Vi er alle sugne på å møtast igjen, lære av kvarandre, og dele erfaringar. Dette blir en fin arena til det, avsluttar han.

Engasjert! Foto: Åge Grimstad, Fantastiske Osberget

Tekst: Ellen Skodjevåg Bø
Island Offshore: https://www.islandoffshore.com/
Tusen takk for oppdraget til: https://www.ulsteinconference.com/

Les fleire artiklar her: https://www.sytalaust.com/