NRK-reporter Ole Rolfsrud

Ole Rolfsrud in action. Foto: Helge Tvedten, NRK

Ole Rolfsrud med skrekkblanda fryd

Hjarte dunka litt ekstra når ein amatør-journalist intervjuar ein ekte NRK-journalist. Men praten går heldigvis lett. Ole Rolfsrud, frå Brandal, er akkurat like blid og folkeleg som du ser han i TV-ruta. No gler han seg til å kome heim og leie tidenes hybridkonferanse i Ulsteinvik.

– Eg gler meg veldig. Men skal innrømme det er med skrekkblanda fryd. Det å prestere på heimebane er noko anna enn den jobben eg gjer til dagleg i studio, om du skjønar?! Lokalindustrien er jo heile ryggrada til samfunnet vårt. Derfor har eg veldig ærefrykt for å ta på meg denne jobben, seier Ole over telefon frå bustaden i Drammen.

Oppriktig nysgjerrig

Ole veit kva han snakkar om. Som unggut hadde han sommarjobb på Skaarfish i Hjørungavåg, der han flytta 20 kilos kasser med frosen laks.
– Som 16-17 åring var sjølvsagt hovudfokuset mitt å tene mest mogleg pengar til eiga lomme. Men seinare, når eg flytta frå bygda, skjønte eg kor viktig næringa er for alle her oppe. Det er ikkje berre ryggrada, men heile kroppen faktisk.

Programleiaren likar å utfordre seg sjølv, og ser fram til å lære meir om korleis aktuelle næringslivsleiarar navigerer bedrifter gjennom ei krise som no.
– Personleg er eg oppriktig nysgjerrig på leiarane for dei store bedriftene på Sunnmøre. Eg vil tru dei kjenner heile lokalsamfunnet på skuldrane gjennom denne koronatida. Då er det interessant å høyre korleis dei best løyser situasjonen. Ser dei på det å vere i ei slik krise som berre drit, eller blir dei trigga og ser på den som ei fagleg stor utfordring, spør han. – Vi må tore å stille dei dumme spørsmåla for å få fram dei gode svara, legg han til.

Korona på direkten

Sjølv fortel Ole om sine utfordringar i NRK under pandemien.
– Koronaen slo innover landet omtrent på direkten for oss. Vi var godt i gong med innspeling av «Alle mot 1», eit direktesendt program med publikum i salen. Her måtte vi vurdere smittevern fortløpande, frå laurdag til laurdag. Først måtte vi fjerne publikum frå studio, så folka som sat i panelet, og deretter halvere produksjonsstaben. Samtidig måtte både eg og min medprogramleiar, Selda Ekiz, isolere oss mellom kvar sending for å ikkje bli sjuke. Ei stor og krevjande omstilling, som eg innrømmer merkast på kroppen.

«Change or die»

Likevel meiner Rolfsrud at omstilling er «change or die» for bedrifter, og nøkkelen til å fremje nye og innovative løysningar. Ole har også fått ein ny normal. – Ja, det har blitt mykje heimekontor, teamsmøter, og digitale samlingar. Her om dagen leia eg blant anna fagdagen til NRK. Til vanleg er dette ein dag der vi fordeler oss rundt på ulike studio for lærdom og inspirasjon. Men i år måtte vi tenke nytt, og gjennomførte fagdagen digitalt, der eg som programleiar limte det heile i hop. Ei oppgåve mykje lik den eg skal gjere på scena i Ulsteinvik, poengterer han og fortset.

– Mi største endring er at eg har vore mykje meir heime. Eg er i hovudsak ein pendlar mellom Drammen og Oslo, og har spart mykje tid på dette det siste halve året. Men eg har sakna kaffeautomaten på NRK, og det samlingspunktet denne er gjennom ein arbeidskvardag. Det er gjerne her den kreative drodlinga skjer, og der dei gode ideane blir skapt.

Men litt drodling har det likevel blitt. Ole er i dag mest å sjå som reportar på NRK-Sporten. – No er eg tilbake i sporten igjen ja, og driv å planlegg kva vi skal gjere på seinhausten med mellom anna sjakken. Alt av sjakkmeisterskap er jo avlyst, så då må vi vere kreative å prøve å finne på nye ting her.

Sirkusdirektør

Men først er Ole klar for å entre scena på Sjøborg. Leike litt sirkusdirektør, og flette heile konferansen saman, som han sjølv seier det. Ole synes det er noko ekstra ved å få reise heim, og vi kjem ikkje unna å snakke om heimlengsel, fjord og fjell.
– Om eg saknar det, ja! Eg saknar å få sete ut i Brandal å sjå utover fjorden der, sjå opp på Sulafjellet og Masdalsklova til høgre. Heilt seriøst, det er først når ein har flytta herifrå ein skjønar kor utruleg bra vi har det på Sunnmøre, avsluttar Rolfsrud.


Tekst: Ellen Skodjevåg Bø
Tusen takk for oppdraget til: https://www.ulsteinconference.com/

Les fleire artiklar her: https://www.sytalaust.com/