Sonja Skeistrand Sunde – Utanriksreportar i TV2

Sonja Skeistrand Sunde, in action! Foto: Saleh Al Batti

Litt puls er det vel lov å ha når ein leikande journalist skal intervjue ein erfaren journalist i TV2. Under ei reportasje til kanalen, la eg merke til ei stemme som eg undrast litt over kvar ho høyrte heime. Sonja Skeistrand Sunde (42) er frå Sandane, utanriksreporter, og kanskje ei av dei tøffaste damene eg nokon gong har snakka med.

– Så kjekt at du tok deg tid til ein liten prat med Magasinet Heimebane.
– Berre kjekt. Eg skulle eigentleg ha eit foredrag i dag, men det vart sjølvsagt avlyst på grunn av korona. Det er ganske heftig her i Bergen no, med strenge smittevernreglar over heile linja. Eg har sjølv nettopp kome ut av 10 dagars karantene etter USA-turen, der eg dekte Trump-valet, seier Sonja. Ho gjer meg merksam på at heile utanriksavdelinga til TV2 sit i Bergen, og at ho leverer innhald til heile kanalen, både TV2, Nyheitskanalen, og TV2.no.

Samfunnsengasjert

Eg går rett på sak. Når fann du ut, og var så «gala», at du ville bli utanriksreportar?
– No høyrdest du ut som mamma, seier Sonja og flirar høgt.
– Ho er ikkje så glad når eg reiser til Midtausten eller andre farlege områder. Gala? Nei, eg har vel alltid vore samfunnsengasjert, og lærarane mine på Sandane var flinke til å provosere fram diskusjonar. Eg klarte ikkje holde stilt. Engasjementet mitt kokte til tider, fortel ho og forklarer litt om korleis ho vart journalist.

– På ungdomsskulen bestemte eg og ei venninne oss for å bli journalistar. Men ein rådgjevar knuste fort den draumen, då han sa at vi måtte ha svært gode karakterar og elske å skrive stil. For vi var skuleleie og hata å skrive stil, ler Sonja. – Men eg klarte likevel å kome inn på TV-linja i Volda. Med eit halvt år med praksiskvote som journalist i Firdaposten klarte eg å snike meg med på opptaket i siste liten. Dette var i år 2000, og FOR ei minnerik tid eg hadde her, saman med mine herlege og intelligente medstudentar. Vi hadde det veldig kjekt og sosialt ilag. Og så må du jo nemne at Volda er ein fantastisk plass å bu på, med mykje kjekke og hyggelege folk.

Etter fine studieår i Volda, jobba Sonja eit par månader i NRK Sogn og Fjordane før ho fekk seg jobb i TV2 i Oslo. Etter eit par år der flytta ho seg til Bergen og starta på utanriksavdelinga i 2004. Her bur ho i dag saman med mannen og deira to born, ein gut på 11 år og ei jente på ni.

Faretruande

– Korleis i all verda tørr du å reise til krigsherja land, slik du gjer? Er du aldri redd? – Nei, altså, eg føler meg ganske så trygg. Eg har mann og barn heime, og ville aldri ha reist om eg ikkje visste eg skulle kome heim, om du skjønar. Vi likar å tru at vi har kontroll i kaoset. Men klart, sjølv om vi er godt forberedt på alt som kan skje, er det alltid faretruande moment vi ikkje rår over, som til dømes kidnapping eller eksplosjonar. Men, i dei verste områda i Midtausten har eg mange vakter rundt meg og lokalkjende som vi stoler fullt og heilt på. Dei gjer ein formidabel jobb, slik at vi kan fokusere på vår oppgåve.

Sonja på oppdrag i Jemen. Foto: Saleh Al Batti

Sonja tek meg med til Jemen då ho var der i 2018. Eg kjenner redselen på kroppen, og skjønar vi er ulikt laga. – Det tok over eitt år før alle papira var i orden, og vi fekk reise til Jemen. Dei ville jo ikkje ha utanlandske journalistar inn i landet, og prøvde alt dei kunne for å hindre oss. Dess viktigare var det for oss å kome oss inn og vise den ofselege krigen og lidinga til dei sivile.

Midt i krigen

Kjende du krigen på kroppen?
– Ja, i Jemen gjorde vi det. For alt var så nærme, vi var midt oppi det. Sjølv om vi budde trygt i det utrygge, flaug rakettane over hovuda på oss. Det dundra, kvein og bråka noko forferdeleg, og det høyrdest ut som om dei skulle lande akkurat der vi var. Du rekk å tenke; oj, landar den her?! Like fort som fornufta kjem om at vi er trygge her vi bur. Samtidig ligg der heile tida ein kunnskap om at terrorbombing av sivile i slike bustadområde kan førekome, så ja alt kan skje, men kva er sjansen for det da?!

Sonja i Jemne blir trygt passa på av vakter. Foto: Saleh Al Batti

Bråvakna av jagarfly

Men du søv godt om natta når du er der?
– Ehh, ja, eigentleg. Men vi i teamet reagerer ulikt på fleire hendingar. Eg har ei «morosam» historie frå nettopp det. Då vi var i Jemen, budde vi i den trygge byen Aden. Plutseleg skjedde det uventa – det oppstod ein krig i krigen. Det skulle jo ikkje skje, men gjorde sitt til at vi vart godt vant med både skyting og bombing. Vi sov godt gjennom det meste av nettene, men plutseleg ei natt vakna eg av jagarfly som bråka over hustaka på oss. Desse likar eg ikkje, for eg har sett alt det forferdelege dei har forårsaka for stakkars sivile. Fotograf Ole Enes Ebbesen, som eg reiser mest saman med, merka ingenting og sov seg fint gjennom denne natta, men ikkje den andre natta. Då oppstod det ein skikkeleg «gun fight» utanfor huset vårt, og han vakna brått med skrekken, og kasta seg på golvet. Men eg sov, flirar Sonja, medan eg stivnar til og framleis ikkje skjønar heilt korleis dette er ein trygg og forsvarleg jobb. – Det må poengterast, slike risikoturar er det ekstremt få av. Dette gjer vi langt i frå kvar veke. Det krev mykje arbeid frå vår ekstremt dyktige stab, det er svært dyrt og til tider veldig farleg, seier ho alvorleg.  

Tøffaste kvinnene i verda

Men du har vore i Syria også ikkje sant?! Var det like farleg der?
– Eg var i Nord-Syria, i dei kurdiske områda. Men her er det tradisjonelt sett tryggare. Vi skulle lage ein dokumentar om dei modige kvinnene der som krigar mot IS på slagmarka. Og seriøst, det tørr eg påstå, dette må vere nokon av dei tøffaste kvinnene i verda. Eit veldig spesielt møte. Med unge kvinner som bur saman med sine medsøstrer, som krigar, trekker seg tilbake, trenar mykje, før dei reiser ut i fronten igjen. Ei av desse kvinnene, som vi intervjua, hadde drepe godt over 100 IS-krigarar. Ein stor siger, som ho var veldig stolt over, fortel Sonja engasjert.

Eit nederlag å miste maska

Eg opplever Sonja også som ei tøff og sterk dame, som tørr å stå i bresjen for å rapportere til folket kva som skjer rundt om i verda. Men ho innrømmer at det til tider kan bli for mykje for henne også. Som til dømes den gongen då ho reiste til Sicilia for å møte flyktningane frå Syria som kom i land der.  – Uff, ja. Då hadde eg akkurat vore i Syria, og viste kva dei hadde flykta frå. Men eg var likevel ikkje forberedt på det eg møtte. Etter åtte dagar til havs, der fire dagar av desse var utan vatn og mat, kom dei i land ein etter ein. Og berre det syne når desse stakkarane fekk seg ein pakke med juice… Og når eg då seinare på dagen skulle rapportere dette «live», mista eg maska. Eg hadde ikkje sjans, fortel ho rørt, men ergrar seg den dag i dag over at ho, i sine auge, ikkje klarte å fullføre jobben sin. Sjølv om TV2 aldri før har fått så mange «hjarteemojies» som etter denne nyheitssendinga, som du kan sjå her:
https://www.tv2.no/v/908564/?fbclid=IwAR2KSVDFJNP2sJxOPk6JbInD_wDcWUSInSd5rd8tROdXZvhgWC2HrLrmunU

Blir inspirert

– Vi fekk forresten eit veldig fint møte med ei familie denne dagen. Dei kom frå det hardt ramma Yarmouk, den palestinske flyktningleiren i Syria, og hadde hatt det tøft både der dei kom i frå og på reisa hit. Faren til dei tre borna, delte villig og fortalte at draumen var å kome seg til fantastiske Noreg. Når vi då fortalte at vi var derifrå, vart han heilt i ekstase. Vi delte telefonnummer, og har sidan følgt med dei på reisa, som no har stoppa i München, fortel ho.

Sonja innrømmer at slike historier inspirerer henne.

–  Uansett kor ekstremt dårleg situasjonen folk er i, så er foreldra sinnsjukt sterke og klarar å late som at ting er nokolunde normalt likevel. Alt for å trygge borna sine. Så sjølv om dei budde i eit fint hus, med jobb, der alle gjekk på skule, og no bur i eit lite telt, og ikkje heilt veit korleis dei skal få sitt neste måltid, så smiler ungane av ekte glede når du leikar med dei. Denne styrken frå foreldra er svært imponerande, og noko eg er sikker på eg sjølv aldri hadde klart, seier Sonja inspirert.

Nullstiller seg

Heilt til slutt. Det er snart jul, klarer du å finne roa i eige sinn når du ser så mykje elende?
– Ja, det må eg berre klare. Eg blir raskt røska tilbake til røyndomen i det eg kjem heim til mine. Dei er akkurat like bortskjemte som andre born. Sjølv om eg fortel dei litt av det eg ser, går det berre ti sekund før dei spør om eg har kjøpt med heim noko reisegodteri, ler Sonja til slutt. Ho legg til at ho til jul gjerne aukar beløpa på giroen til hjelpeorganisasjonane, for å kjøpe seg ut av dårleg samvit, slik gjerne fleire av oss nordmenn også gjer.

Sonja Skeistrand Sunde, er ei tøff dame. Tusen takk for praten!
Foto: Eivind Senneset/TV2

Tekst: Ellen Skodjevåg Bø
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/