Familien Fiskerstrand

– Det var litt slaps, men ikkje glatt. Eg såg ned på speedometeret. Pila viste fornuftige 70 km/t. Eg såg opp, og brått var alt kvitt. Så smalt det. Arve (48) og Pernille Fiskerstrand (36) tek oss med tilbake til den dramatiske dagen, då Arve vart utsett for ein front mot front kollisjon, like ved Morkaåstunnelen i Volda. Torsdag 14. november 2019, ein forferdeleg dag fylt av sjokk, smerte, redsel og usikkerheit.

Traumatisk

– Uff, ja, dette var grufullt. Både for meg, Pernille og resten av familien. Kanskje aller mest traumatisk var det for far min, som var på ulykkesstaden og fekk sjå det heile på nært hald. Han skulle hjelpe meg heim med ein bil frå Hovden Flyplass, og vart liggande litt lenger bak meg. Pappa vart stoppa av trafikken, men såg nok til å forstå at dette var dramatisk. I tillegg prøvde han å ringe meg utan å få svar, og vart redd for at et eg var innblanda i ei dødsulykke, fortel Arve alvorleg.

– Så det kvite var kollisjonsputa då, eller?
– Ja, det var airbagen. Og rett etter smellen gjekk det ein rar følelse gjennom kroppen min som eg aldri har kjent før. Tenkte kanskje dette var slutten, men var ikkje redd. Eg fekk ei sterk og trygg kjensle av at Gudstrua mi ville bere meg gjennom dette. Men så kom røyklukta, og instinktet om å overleve. Eg måtte ut av bilen før den smalt i lufta, og følte meg litt som i ein amerikansk actionfilm eigentleg, flirar Arve. Det er godt å høyre at han har humoren med seg oppi alt dette. Han forklarer vidare.

– Det var ikkje lett å kome seg ut. Skoa sat fast, beina var klemt og bilnøkkelen faktisk heilt knust. Så du kan jo tenke deg for eit vrak bilen var. Framdøra var også fastklemt, så eg måtte lirke ut føtene og kjempe meg bak i bilen. Her klarte eg å sparke ut døra og kome meg ut sjølv. Då måtte eg stå ei lita stund å holde meg fast i takstativet på bilen, før englane kom…

Englane?! Svima du av?!

– Ikkje der og då. Ein etter ein kom dei frå bilane bak og hjelpte meg. Og heilt tilfeldig var den eine tannlege, den andre lege, ei som jobba i ambulansen, og ei som hadde med både sovepose og liggeunderlag. Eg trudde eg la meg ned på underlaget, men DÅ svima eg visst av.

Rosar svigerfar

Pernille var heime i Varleitesvingen i Ulsteinvik då alt skjedde. Ho kan ikkje få rosa svigerfaren nok. – Han tok heilt klart det meste av støyten og sjokket for meg denne dagen. Det var han som ringte meg, ikkje ambulansepersonalet. Han forheldt seg roleg, og det gjorde nok sitt til at eg beheldt roa overfor borna våre, Samuel, David og Sara her heime. Eg skjønte ikkje kor alvorleg det var før eg fekk besøke Arve på sjukehuset den kvelden. Eit grufullt møte der han låg med knekt brystbein, kragebein, ribbein, og nokon brot i ryggen, samt ein nakkeskade. Kven skulle tru at han skulle kom frå det utan varige mén…

– Anna enn litt øyresus da, seier Arve, og er svært takknemleg for at det gjekk så bra, og for den behandlinga han fekk på akuttmottaket i Volda. – Du fekk også djupe kutt under knea, så du var faktisk berre nokon millimeter frå å miste begge beina, legg Pernille til like takknemleg.

Enorm støtte

Vi sit i sofaen heime hjå familien Fiskerstrand. Magasinet Heimebane er så heldige å få besøke denne fine familien, på den mest «rofsete» dagen i november. Stormen piskar haglet mot rutene og til tider må vi rope til kvarandre for å overdøyve slaga mot vindauga. Varmen frå peisen og tekoppen luner godt.

David, mellomste barnet i familien, sit ei stund saman med oss. Ein intelligent kar som har mykje å kome med. – Det var litt crazy å sjå pappa etter ulykka. Skummelt. Og når han måtte sove i ei bestemt stilling, vart det så mykje snorking at mamma måtte ligge fleire månader i mi seng, fortel han fornøgd.

– Ja, det gjorde godt, svarar Pernille. – Eg kjende det rokka litt ved borna etter denne opplevinga. Det var tøft for oss alle, og spesielt å få heim ein pleietrengande ektemann og pappa frå sjukehuset berre ein dag etter ulykka. Å kome i ein slik hjelpelaus tilstand, vart også veldig lærerikt for oss, og ei solid erfaring på kva det betyr å ha familie, frikyrkja, naboar og vennar rundt seg. Her fekk vi ei enorm støtte frå alle, og hjelp til å kome gjennom kvardagane. Folk kom med handlenett, middagar, henta ungane, og sendte støttande meldingar. Alt varma så uendeleg godt, og gjorde situasjonen så mykje lettare for oss, takka ho.

Forelska i læraren

Men no må vi lette litt opp. Fiskarstrand er ei innhaldsrik familie, som har mykje å kome med. Eg kjenner meg inspirert av både kunnskapen og jobbane deira, logistikken i heimen, oppsedinga av borna, og den herlege energien.

Pernille og Arve heime i Varleite i Ulsteinvik

Pernille, stemmer det at Arve var læraren din på ungdomsskulen?
– Hehe, ja vi vart eit par i løpet av vidaregåande, og vi gifta oss etter eg var russ. Eg tidleg gift, og han litt seinare. Aldersforskjellen på 12 år har eigentleg vore heilt ubetydeleg, fordi vi heile vegen har hatt dei same interessene innanfor læraryrket, forsking og undervisning.

– Så eg kjente godt til foreldra, kan du seie, gjennom foreldremøta, flirer Arve lurt. Nei da, familiane våre har alltid kjent litt til kvarandre. Pernille er frå Solevågen og eg frå Langevågen, og begge har vanka i det kristne miljøet der.

Flytte til «gokk»

– Men kvifor Ulsteinvik eigentleg?
– Eg skal innrømme det sat litt langt inne å flytte ut hit. Ein stad eg såg for meg som ute i «gokk». Og når vi i tillegg då skulle bu usentralt i «gokken» oppi Varleite, var eg ganske skeptisk, seier Pernille, som likevel meiner dette var det beste alternativet. For etter å ha budd i Kristiansand i fem år, der ho tok lærarutdanning og master i norsk, og Arve utdanna seg til lektor, fekk han tilbod om rektorjobben på Møre barne- og ungdomsskule i Dragsund. – Då ville det ikkje ha fungert å budd på andre sida av fjorden, med ein mann eg aldri såg, og Samuel som sjeldan ville sett pappaen sin på grunn av pendlinga, forklarer Pernille.

– Så då kjøpte vi dette huset, usett, skyt Arve inn. Svigerforeldra mine gjekk på visning, og svigermor var ganske tydeleg på at dette huset ville ikkje Pernille ha! Det var for likt barndomsheimen hennar meinte ho, skikkeleg 80 -tals med lange gangar og små rom. Men vi såg moglegheiter til å opne opp både her og der, og bestemte oss for å kjøpe huset, fortel han. Eg får ein rundtur. Og dei har verkeleg fått det til. Stor og lun stove, delikat og ope kjøken, eit herskapeleg bad, tilrettelagt vaskerom, soverom oppe, og treningsrom nede.

Takknemleg for gode venskap

– Vi stortrivst i Ulsteinvik, og angrar ikkje ein dag på at vi flytta hit. Samtidig har vi blitt kjent med så mange kjekke folk rundt om her, og er evig takknemleg for alle desse gode venskapa, seier Pernille.
– Og så har jo det skjedd ei rivande utvikling frå vi flytta hit i august 08 og fram til no. Det meste av det vi treng, får vi tak i her, og vi er opptekne av å støtte det lokale. Pernille kanskje litt for mykje, med sine dyre skokjøp, flirar han.
– Hehe, ja eg er skikkeleg sko-gal, og Arve seier ofte at sjølv om vi har trygge statlege jobbar, så er det ikkje meininga at eg skal redde heile samfunnet her ute på eiga hand. Men så er jo han også veeeeldig nøysom da, og kjøper seg ikkje nye sko før dei er så slitne at dei må kastast på veg ut frå skobutikken, stikk det forsiktig frå Pernille. Vi flirar høgt alle saman.

Doktorar

Det å skrive ein artikkel om ei familie som er såpass høgt oppe i lærargradene, kjenner eg er litt nervepirrande, og eg håper ikkje korrekturen blir vurdert til karakter. Pernille er førsteamanuensis ved Institutt for språk og litteratur på Høgskulen i Volda og har ph.d-grad i norsk. Og Arve jobbar mot doktorgrad i matematikkdidaktikk, ei utdanning om korleis undervise i matematikk. Dette er kunnskapsrike folk som elskar faga sine, og som har ei unik glede av å undervise både studentar og skuleleiarar. Samt halde foredrag på konferansar om si forsking og korleis best drive skuleutvikling i dagens samfunn

– Vi nerdar oss ganske mykje i lag, ja, sidan vi begge er veldig interesserte i grunnleggande opplæring med lesing, skriving og rekning. Praten går i eitt når vi pendlar saman fram og tilbake til jobb på Høgskulen i Volda. Det blir mykje om teori, forsking på temaet, men også korleis best løyse logistikken på heimebane, fortel Pernille.

10.000 sider

David sit her enda, så då må eg berre høyre med han, om mamma og pappa sine interesser har smitta over på han.
– Må du lese ein time for dag, eller?

– Må og må, men eg likar å lese ja. Og eg trur nok eg ligg litt føre på skulen på grunn av det. Ein gong las eg 10.000 sider i Donald på EIN vinterferie. Det var ny rekord i klassa, fortel han stolt, og mamma supplerer.  – Vi kosar oss veldig med lesing her i huset. Det er ein fin måte å vere ilag med ungane på også, synes vi. Heilt frå dei var små har vi lest mykje for dei, og framleis les vi både for Sara og David. Utfordringa er sjølvsagt at det tek litt tid å legge Sara. Ho skal igjennom så mange bøker før det blir natt, flirer Pernille, og viser meg ei av dei siste Clue-bøkene av Jørn Lier Horst. – Denne les eg høgt for David no, ei av fleire bøker vi har lese frå denne forfattaren.

Tidleg stimulanse

Arve klarer ikkje holde stilt. – Ahh, ja, dette er så viktig, og kanskje det vi engasjerer oss aller mest for. Forsking viser nemleg at til meir ord og lesing ein blir utsett for, til betre ordforråd og lesehurtigheit får ein. Og dette gir igjen ein kjempestyrke i skulearbeidet. Derfor meiner eg at til tidlegare born blir stimulert med leik, ord og lesing til betre grunnlag får dei for framtida. Alt heng saman, seier han ivrig. Samvittigheita stikk i meg, over alle dei gongane eg har sagt nei til å lese for mine små..

– Vi er ikkje opptatt av å gi dårleg samvittigheit. Det går ikkje på skinner hjå oss heller alltid, og vi klarer ikkje følgje opp alle leksene. Men kvar familie må gjere det dei orkar. Det er så enkelt som å snakke saman rundt middagsbordet, sjå på kvarandre i staden for på ein skjerm, og vise interesse for det ungane lærer på skulen, oppmodar Pernille.

Møtte veggen

Ho veit sjølv kva det betyr å ikkje rekke over alt. For i fjor opplevde Pernille ein annan smell enn Arve.
– Ja, det stemmer. Eg var faktisk sjukemeldt då ulykka skjedde. Møtte den kjente veggen. Ikkje så rart eigentleg. Eg var 33 år, ferdig med doktorgraden min, tre ungar og ein mann som var rektor. Eg skulle køyre på med maks effektivitet heile tida. Du veit, bake brød og vaske hus samtidig. Eg tenkte at dette ordnar seg med eit par vekers kvile, men det tok nesten eit halvt år, fortel ho opent, og meiner ho no har ein betre balanse i livet. – No er vi begge flinkare til å legge oss på sofaen på ettermiddagane, og ikkje minst så trener vi mykje. Den beste energien finn eg på joggetur på dei flotte turstiane opp fjellet bak huset her. Skal ein ha eit berekraftig liv, må maskineriet smørjast!

Korpsentusiastar

No skal eg snart takke for meg, men eg kan ikkje gå herifrå utan å snakke litt korps. Vi som er så ihuga korpsentusiastar, med fleire av ungane våra som spelar i Ulsteinvik Skulekorps.

– Hehe, det er heilt rett. Alle våre tre spelar i korpset no. Sara på klarinett, David på baryton og Samuel på basstrombone. Og kven skulle ha trudd det. Vi er ikkje heilt tonedøve altså, men korps hadde vi ingen erfaring med frå før av. Men med korpsnerdar som naboar nedom vegen, både «Dalhaug’s» og «Falk Skodjevåg’s», hadde vi eigentleg ikkje noko val, flirer Arve høgt. –  Når kompisen til Samuel meldte seg på trombone, så vart det trombone her ogs

– Så den myta om at korps er så travelt?!

– Den må vi berre avlive! Korps er ikkje travelt, seier Pernille bastant. – Det er ikkje noko meir dugnad her enn på andre aktivitetar, heller mindre. Både for oss og ungane har dette berre vore veldig kjekt og positivt. Og den gleda dei har av å spele saman med andre er berre heilt unik. Her blir ingen sett på sidelinja, alle er like viktige uansett alder og nivå. Det er også heilt nydeleg å sjå det gode samhaldet og kulturen som er på øvingane, og kor fine dei eldste er med dei yngste. Mammahjartet smeltar når eg ser og høyrer mine spele, avsluttar Pernille, og oppmodar fleire foreldre til å la borna begynne i korps.


Tekst: Ellen Skodjevåg Bø – Foto: Privat
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/