Therese Falk – Sterk, sta og dønn ærleg

Altså! 251 KILOMETER!! På 24 timar!!! Er det nokon som klarer å forstå kor ellevilt ekstremt denne prestasjonen til Therese Falk er?!

Personleg spring eg nokre kilometer for dag. Men så snart eg nærmar meg mila, skjer det noko med både hovudet og endorfina. Dei spelar ikkje på lag lenger, og negative tankar lurer meg til å tru at eg ikkje klarer meir.

– Så då må eg berre høyre! Korleis er det då mogleg å springe heile 25 mil på eit døgn, Therese?!

– Hehe, alt er mogleg. Men mykje sit i «haudet» ja. I tillegg har eg eit sinnsjukt konkurranseinnsikt. I alt eigentleg, ikkje berre innan idretten. Eg hadde til dømes aldri klart å slutte å røyke, hadde det ikkje vore for at venninna mi bestemte seg for å slutte. Kunne ho, så måtte fader meg eg også klare det. Og det gjorde eg, fortel Therese over telefon frå leilegheita på Kampen i Oslo. Her bur ho i fjerde etasje saman med sambuaren Thomas, og deira to kattar.

5.000 km

Therese Falk kjem frå Geilane på Hareid. Er 45 år, og lærar ved Fagerborg Ungdomsskule. Det mest imponerande, er at ho i tillegg til å jobbe fulltid, spring i snitt 5.000 kilometer per år! I mine auge er dette ein toppidrettsutøvar! Det er svært få som klarer å kombinere ultraløping med full jobb.

– Eg elskar begge deler. Både det å undervise dei 28 kule ungdomane mine, og å springe langt og lenge. Men eg skal innrømme at det har tatt mange år før eg såg på meg sjølv som ein ekte løpar. I tillegg til at eg et kokosbollar og smågodt kvar dag, kan ein vel trygt seie at bakgrunnen min ikkje tilseier at eg skulle klare å bli verdsmeister i ultraløp. For det første starta eg karrieren i voksen alder med lite idrettserfaring frå før av. Alt eg kan skryte av er eit kvarter i Hareid Friidrett, og god innsats i lærar Fylsvik sine gymtimar på Ulstein Vidaregåande. Her digga eg forresten intervalltreningane over Gamle Eidet. Til meir regn og motvind det var, til meir gratis oksygen fekk eg til å prestere, skøyar ho, men meiner seriøst at erfaring med Sunnmørsvêr nok har gitt henne ein løpsfordel rundt om i verda. Ho har lært seg å sjå det positive i og ta fordelen av både motvind, medvind, varmt og kaldt.

Heidrar ikkje ultraløp

Men det er nok ikkje bakgrunnen åleine som har forsinka trua på å vere ein seriøs utøvar. Therese er dønn ærleg på kva ho meiner om Friidrettsforbundet og deira måte å vurdere ultraløp på. – Eg trur dei rett og slett ikkje forstår prestasjonane våra, og kva som krevst for å kunne springe så «jækla» langt, eit heilt døgn. Dei heidrar ikkje ultraløp som ordentleg idrett, meir som sakte jogg og eit tulleforbund, seier ho irritert og oppgitt. – Gratulasjonen etter løpet «24 hours in Hell» synes eg bekreftar dette. Etter eg sette nordisk rekord med 251 kilometer der, fekk eg ein personleg gratulasjon av sjølvaste presidenten i det internasjonale ultraforbundet, men frå mitt eige forbund – INGENTING! Og då betaler eg faktisk fleire tusen kroner frå eiga lomme for å få representere Noreg i både VM og EM. Dette synes eg ikkje er greitt, fortel ho sint.

Årets kvinnelege friidrettsutøvar

Men no har du faktisk av folket blitt kåra til årets norske kvinnelege friidrettsutøvar!! Gratulerer så utruleg mykje! Er det feil å spørje om dette kan vere på grunn av din ærlege og ihuga innsats for å få sporten til å bli tatt seriøst?

– Tusen takk. Men her er det viktig å presisere at nominasjonen var på bakgrunn av mine prestasjonar. Eg har tatt Nordisk rekord, er rangert som nummer to i verda i år, nummer ti i verda gjennom alle tider. Tidlegare har eg sprunge verdens raskaste registrerte gjennomføring av ti maratonar på ti dagar, summerer ho stolt og legg til. – Samt at min innsats i Hell ville halde til medalje i alle internasjonale meisterskap. Men, for å svare skikkeleg på spørsmålet ditt, så kan det vere at mi tydelege meining kan ha gjort sitt til at Friidrettsforbundet i det heile tatt vurderte meg for nominasjon. Om ikkje, er eg redd det kunne ha gått hus forbi.

Karsten Warholm vart også kåra til årets friidrettsutøvar i si klasse, og derfor vart det ekstra svært med ein dobbeltsiger til Hareidlandet. Men Therese er ærleg på at sjølve nominasjonen var ein siger for henne. – Eg er den fyrste i Noreg som nokon gong har blitt nominert for ultraløp. Så ja, berre det å verte nominert er som å vinne for meg. I tillegg er dette ikkje berre ein heider for min prestasjon, men også for idretten alle ultraløparar driv med, miljøet og ikkje minst supporterteamet. Og her må eg også  få heidre Thomas. Det krev sin mann å stå på sidelinja, løp etter løp, å heie meg fram, seier Therese audmjuk. Ho ynskjer også å sende ei takk til alle som har stemt henne fram i denne kåringa.

Gratulasjon på kontoret. Slik fekk Therese vite at ho hadde vunne!

Mentalt sterk

– Eg skjønar framleis ikkje korleis det er mogleg å mobilisere kropp og sinn til å springe 251 rundar på ei bane på 1 kilometer, som i Hell. Det er faktisk snart seks maratonar på rad det?!!

– Ja, og det irriterer meg faktisk litt. Eg var berre 200 meter frå å fullføre 6 maratonar på 24 timar. Hadde eg starta å spurte i mål litt før, kunne eg ha klart det, meiner ho. Underteikna blir fjetra.

– Spurte?! Etter eit heilt døgn?!

– Hehe, ja dei siste rundane går faktisk leikande lett. Då ser eg målet, og adrenalinet skuggar for smerta. Eg trur det er få som forstår kor smertefullt det er å gjennomføre eit slikt løp. Det er sinnsjukt låkt, eigentleg heile vegen. Dei første timane går det fint, men allereie etter tre – fire timar kjennes det som stikkande knivar i beina. Og då har du 20 timar igjen… Tidleg i løpet er hovudet bra, og eg klarer å stå i det. Men etter 14 timar har eg hatt denne smerta så lenge at dei negative tankane ropar ut; NEI! No klarar eg ikkje meir!

– Ja, korleis klarer du å snu tankane då?

– Då spring eg på pur trass og staheit! Men eg har sjølvsagt opparbeida meg erfaringar frå fleire løp, og lært meg nokre grep for korleis best klare å vri om når det står på som verst. Eg brukar å seie til meg sjølv; Ja, det er nauta låkt, men det er jo ikkje noko verre no enn for ti timar sidan?! Så då klarer du ti timar til, Therese!! Dette brukar å hjelpe, og i tillegg har boka av Ingunn Kyrkjebø; «Kraften i tomme tanker. Kunsten å tenke ingenting» gitt meg gode tips til å nulle ut hovudet. Samtidig er jo tanken på å bryte midt i eit løp heilt uaktuell. Då kunne eg likså godt ha halde meg heime. Eller som Thomas ropar frå sidelinja; «du har faen meg betalt av eiga lomme for å ha det låkt, så kom igjen no – stå i det!»

– Hehe, herleg! Så eg skjønar at delmål er viktig å ha? Planlegg du løpet i forkant?

Både ja og nei. Til løpet i Hell hadde eg eigentleg planen klar med delmål på kvar sjette time. Men dette endra seg raskt under løpet. Eg fann ut at det var lettare å tenke maraton for maraton. Så etter kvar 42. runde fylte eg på med ekstra energi, sjekka klokke og tid. Eg låg jamt på 3timar og 55 minutt dei fire første maratonane, og viste at eg var godt i rute for å kunne sette nordisk rekord.

– Så du var ikkje på do på FIRE maratonar?

– Jauda, men då klarer eg å justere tempoet litt slik at eg ligg innanfor tida. Eg var vel på do fire gongar dette døgnet. Det er både låkt og godt på same tid. Det er smertefullt å måtte ta av og på seg trusa og shortsen med alle gnagsåra. Men så er det godt å få sitte litt, sjølv om eg veit eg ikkje kan sitte der lenge. Eg brukar om lag eit halvt til eit minutt på desse besøka..

– Det er berre heilt spinnvilt! Men du må vel også ha litt ekstra motivasjon på øyrene, eller?

Ja, dette er veldig viktig, og nøye planlagt. Det beste med ultraløp er at du kan starte i «roleg» tempo, og då passar det fint med lydbok. Eg har gjerne med meg to lydbøker, gjerne lett krim. Her er det viktig at eg likar stemma til den som les, og at eg er godt i gong med boka før løpet. Vi ultraløparar er ikkje så smarte undervegs, hjernekapasiteten er lav, og det vi høyrer på må vere enkelt og krevje lite ekstra energi. Derfor kan eg ikkje starte på ei heilt ny bok, men heller avslutte ei spanande ei.

Therese Falk – Sterk, sta og dønn ærleg

Springe og grine

– Musikk då?

– Ja, det er gulerota, som eg sparer til siste del av løpet når eg treng å booste energien. Eg har med ei variert speleliste på om lag 11 timar, fylt med musikk som berre eg likar. Eg elskar Whitney Houston og pompøse balladar frå Grand Prix, og høyrer på litt av kvart alt etter kvar eg er mentalt i løpet. Du kan også oppleve å sjå meg springe grinande. Då er det gjerne ei ballade som treff meg midt i hjartet, i tillegg til at eg blir så rørt og stolt over min eigen prestasjon, flirar Therese.

Møtte veggen

– Stolt har du all grunn til å vere! For du var vel langt nede før du starta å springe aktivt?

– Ja, etter eg prøvde å skifte jobb i 2012, møtte eg kraftig veggen. Eg hadde jobba i 11 år ved Haugen Skole, og sjølv om eg verkeleg stortrivst der, tenkte eg at tida var inne for å prøve noko nytt. Det skulle vise seg å bli ei kostbar erfaring for min del. Eg fekk jobb på ein ny skule der rutinar og struktur ikkje passa min lærarfilosofi, og berre etter eit par månader var eg eit totalvrak, og mista både nattesøvn og sjølvtillit. Det var lite hjelp å få frå leiinga, og til slutt såg eg verken pc eller elevar på grunn av flimmersyn. Eg vart sjukmeldt, og legen var veldig klar på at dit skulle eg ikkje tilbake, skildrar Therese alvorleg. Ho er særs tydeleg på kva som vart redninga for henne.

– Det absolutt viktigaste for meg var å tørre å spørje om hjelp. Det anbefaler eg alle. Uansett kor heilsvart det er. Sjølvsagt er det lov å synes synd på seg sjølv og ha det kjipt. Men det blir ikkje betre ved å grave seg lenger og lenger ned. Er ein flink til å få hjelp, kan ein klare å grave seg opp igjen, før det går for djupt. Dette hjelpte iallfall meg.

– Korleis «grov» du deg opp igjen?

– Det viktigaste eg har gjort er å ta tak i livet mitt, og i kva eg ønsker å oppnå. Eg var ikkje særleg aktiv før smellen, men vart anbefalt frå legen om å gjere noko aktivt kvar dag. Så då starta eg i det små, med ein time på treningssenteret kvar morgon, før eg gjekk heim til sofaen, der eg låg i fosterstilling og åt sjokolade resten av dagen. Etter kvart vart det lettare, og eg kjende at eg likte følelsen med å ta meg heilt ut, og sveitte skikkeleg, seier ho engasjert.

Springe forbi testosteronet

Therese fortel vidare om vegen tilbake, frå små springegrupper til deltaking i løp med stadig lengre distansar. Mest konkurrerer ho med seg sjølv, men ho legg ikkje skjul på at den absolutt beste følelsen er å springe forbi testosteronet. Gjerne dei med det beste utstyret, som brøyter seg fram mot startstreken fordi dei trur dei skal klare å springe fortast og vinne. – Ahhhhh, ja å plukke desse, ein etter ein, er berre den beste følelsen. Dette skjer spesielt på maraton. Eg får gjerne blikket ved start, der dei måler kroppen min opp og ned i mente. Få trur at ein normal kropp som min kan prestere på dette nivået.

Meistringsfølelsen

– Vil du takke ultraløp for at du har kome så sterkt tilbake?

– Alt heng i hop. For meg har det aldri vore ei målsetning å bli verdsmeister eller klare å springe 251 kilometer. Men det er kanskje nettopp derfor eg klarer å perse gong på gong. Eg er ekstremt sta, men legg ikkje unødig press på meg sjølv. Tenker heller at det ikkje er så farleg om eg ikkje klarer det. Det er den gode meistringsfølelsen som motiverer meg aller mest, uansett løp, seier ho energisk. Og på spørsmål om ho har arva eit sterkt haud, eller blitt inspirert frå nokon, så er ho dønn ærleg; – Nei, dette må eg nesten få ta æra av sjølv! Dette er mitt «haud», mi styrke, mi staheit. Det er eg som har gjort jobben, og blitt sterk mentalt. Eg er veldig stolt over det eg har fått til, seier ho audmjukt.

Svima av

Men Therese vil også rose og takke Thomas for hans innsats og support. Ultraløparar internasjonalt har gjerne store supportteam med seg med både trenarar og massørar, men ikkje i Noreg. Der må ein ordne support sjølv. – Ja, så Thomas har vore registrert både som support, lagleiar og trenar. Den tryggheita han gir meg er unik. Eg unner alle å ha ein heiagjeng, ikkje berre nokon som heiar deg fram i eit løp, men også nokon som er der når du har det kjipt. Thomas har vore der for meg heile vegen, og det er eg svært takksam for. Men sant skal seiast, han må tole litt pes frå meg. Det blir litt skitslenging under eit løp, gjerne om han kløna det til med flaskene og påfyll etc. Men han er også flink å pushe meg, og ein gong vart det litt mykje. Eg var heilt ferdig og segna om i armane hans.

Det har vore godt å ha Thomas på sidelinja under løp.

Ingen plan i treninga

Avslutningsvis må eg høyre med Therese korleis ho best bur seg fram mot konkurransar. Med så mange kilometer per år vil eg tru omsetninga på sko er ganske stor?!

– Ja, det går nokre par. Men det blir nokon bomkjøp også. Eg likar å prøve nye modellar, og har eigentleg ingen favorittmerke. Så det er litt med sko som med treninga mi, litt ustrukturert. Altså, der er ein struktur i treninga mi, men ingen plan. Eg veit ikkje når veka startar om eg kjem til å springe 40- eller 150 km den veka. Det bestemmer eg litt frå dag til dag, alt etter dagsform og overskot. Men eg spring som regel ei mil for dag, til og frå jobb, i tillegg til langturar og mølletrening. Når eg først trenar er eg veldig flink til å presse meg sjølv. For eg veit at skal eg prestere bra på konkurransar, må eg ha utbytte av treningane mine, forklarar ho, og legg til at styrketrening heime på stovegolvet også høyrer med for å unngå slitasjeskader. – Ja, det er så dørgande kjedeleg, men det må til for å halde hofta og ein middels betent akilleshæl i sjakk.

Kjem heim

– og så litt om Hareid til slutt.

– Ahh, ja eg saknar å berre stikke innom på besøk til folk. Heime er det så mykje enklare, enn her i Oslo. Skal ein besøke folk her går vi heller på kafé, og barrieren til å invitere folk heim er så mykje større. I tillegg saknar eg venninnene mine der, og sjølvsagt familie, og det å få tøyse litt med nevøane mine.

– Og veit du kva?! I dag har eg faktisk meldt overgang til Hareid IL!! Så då «kjem eg heim», i alle fall når det gjeld klubbval. Gler meg! Og eg kjenner mykje meir stoltheit over å vere Hareid-løpar enn å springe for Romerike Ultraløperklubb, avsluttar Therese med eit smil.


Tekst Ellen Skodjevåg Bø – Foto: Privat
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/