Heime på Vågsholmen

FOR ein fantastisk plass. Med ei heilt MAGISK utsikt. Yst i havgapet. På Hornsetstranda mellom Nørvågen og Vågsholmen rett ved Fosnavåg sentrum, ligg huset til Elisa Giskeødegård Hareide og Trym Karstensen Vågsholm. Paret har nettopp flytta inn i Nørvågvegen 62, og magasinet Heimebane er så heldige å få ein liten kik.

Fjørapist

– Det er berre å stige på, seier Trym og Elisa, og ynskjer meg varmt velkomen. Eg står lengst ute på gardsplassen og slit med å rive meg vekk frå den fantastiske utsikta. Fjøresteinane er rett ned og storhavet rett ut mellom Remøya og Nerlandsøya.

– Eg vaks opp ned i fjøra her, og var vel det dei kallar ein skikkeleg «fjørapist». Det var båt, krabbe, og mykje leik med vatn, flirar Trym engasjert, og meiner han datt på sjøen fleire gongar før han lærte seg å symje.

Laupestreng

–  Ja, det spørst om vi må ha ein laupestreng på han «minien» her, skyt Elisa inn. Ho stryk fint over magen. Det er to veker til termin før førstemann skal kome. Eller Gard, som han så fint skal heite. – Dette blir veldig spanande, og det er utruleg godt at vi kom oss i hus før han kjem. Vi gler oss til å feire jul med baby i nytt hus, smiler ho. Elisa er frå Hareid, men hadde ingen problem med å flytte seg ut hit. – Nei, det er ingenting som slår denne utsikta, og eg skjønar godt at Trym ikkje ville flytte herifrå.

Vi sit i sofaen ved vindauga i stova, og nyt ein kopp varmt. Praten går, medan auga søker til alt det flotte som er å sjå, både ute og inne. Her kjenner eg det er lett å finne roa. Spilepanelet i taket gir rommet særpreg og ein dempande akustikk, samt ei lun og behageleg stemning. Fint i stil til det flotte og opne kjøkkenet og resten av interiøret. – Ja, her har vi verkeleg funne oss til rette, seier Trym. – Og det ser litt annleis ut her no enn då eg budde her. Skalet av huset er originalt frå då mamma og pappa bygde i 1982, men vi har totalrenovert omtrent alt, og opna meir opp innvendig. Alle vindauga er nye, vi har etterisolert og skifta bordkledning og alt av rør-opplegg, i tillegg til alt av det elektriske, informerer han.

Kyndig hjelp med alt det elektriske

Og akkurat i det vi snakkar om det elektriske, og om både varmefolie i golvet og ventilasjon, kjem Julie Leikanger frå HG Elektro inn døra. Ho føler seg heime her, sidan ho har gjort det meste av det elektriske i huset.

– Heia, eg kom berre raskt innom for å fullføre monteringa av brannvarslingssystemet. Jula er høgsesong for brann, så dette må på plass no, fortel Julie, og forklarar paret korleis det trådlause og applikasjon baserte systemet Elotec Ajax fungerer. – Dette gjer oss ekstra trygge. Julie sin kunnskap har vore til stor nytte for oss i denne prosessen, der ho har hjelpt oss med alt frå planlegging til ferdig elektroinstallasjon, i alle rom eigentleg, seier Trym.

Julie Leikanger fra HG Elektro har gjort det meste av elektrisk installasjon i huset

Spilepanel

Utover det elektriske, så har Trym og Elisa gjort det meste i huset sjølv, med mykje god hjelp frå foreldra. Ikkje spilepanelet i taket da, for det er ganske så krevjande. Det er det RS Bygg i Ulsteinvik som har montert, i samarbeid med Hadarhus, som for så vidt har vore tett involvert i heile dette husprosjektet, seier Elisa. – Du skjønar, pappa jobbar der, og mamma på Drømmekjøkkenet på Hareid, som då har levert både kjøkken, bad og garderobar til oss. – Ja, og så jobbar eg turnus på rigg, så då har eg fått gjort mykje på fri-turane, fortel Trym. Han hadde ikkje mykje erfaring innan handverk frå før av, men har lært mykje i denne prosessen meiner han.

Eg likar veldig godt stilen dykkar. Fargar og interiør harmonerer så fint saman. Korleis har dette uttrykket blitt til?

– Hehe, vi har ikkje vore så opptekne av stil, meir å finne det vi likar og lage ei lun og koseleg stemning i huset. Utgangspunktet var spiletaket, eit kjøkken begge likte, og så kom resten mykje tilfeldig, seier Elisa. – Men vi har også fått veldig god hjelp frå Møbelringen i Ulsteinvik, der mykje av møblementet og interiøret er ifrå. Vi likte spesielt godt den grøne velursofaen som står i hjørnet der, og så har det eigentleg berre bala på seg, smiler Elisa, og legg til. – Dokke er faktisk dei fyrste som sit i denne sofaen ved vindauget. Den vart levert i går kveld, akkurat i rett tid før dette besøket, avsluttar ho takknemleg.


Tekst og foto: Ellen Skodjevåg Bø
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/