Kristine Gølin Haddal

Kristine og Karsten

Mamma og prosjektleiar for KWI, Kristine Gølin Haddal. Foto: Gøran Winblad

Kristine Gølin Haddal – Prosjektleiar for Karsten Warholm International

Året 2020 har vore eit veldig spesielt år for oss alle, også for Team Warholm. Planen for året vart snudd heilt på hovudet etter at dei gjennomførte Karsten Warholm International (KWI) i Ulsteinvik i februar. Det kan likevel sjå ut som at Karsten og teamet rundt har klart å snu det heile til noko positivt. Vi tok ein prat med Kristine Gølin Haddal, mamma og manager til verdsmeistaren.

Korleis har dette året vore for Team Warholm?
– Korona-situasjonen har heilt klart sett sitt preg på 2020. Utsettinga av OL i Tokyo og avlysing av EM i Paris, samt store endringar i Diamond League stemner, har tvinga oss til å legge om stort sett alle planar dette året. Men tross alt, har vi levert gode resultat i år. Og er ekstra glade for at alt gjekk etter planen med Karsten Warholm International i Ulsteinvik i februar. Tenk, dette stemnet vart gjennomført berre 14 dagar før nedstenginga i mars, seier prosjektleiar Kristine letta.

Samarbeid og frivillig innsats

Årets KWI utgåve var den andre i rekka. Det internasjonale stjernegalleriet var enda større enn året før. Fleire verdsmeistrar, og topp tre VM utøvarar på fleire av øvingane. Den lokale dugnadsånda og viljen til å få til dette stemnet har vore heilt unik. Kristine ynskjer å heidre denne innsatsen.

– Samarbeidet med det lokale næringslivet, Ulstein kommune, Dimna IL, samarbeidspartnarar, og alle frivillige som stiller opp, er heilt avgjerande for å få til dette stemnet, seier ho takksam.

– Dette er eit høgkvalitets arrangement med eit unikt engasjement frå alle som bur her, fortset Kristine engasjert.

– Under sjølve stemnet er det rundt 200 personar i alle aldrar som stiller opp. Enten som vakter, funksjonærar, dommarar, kioskvakter, ryddehjelper, guidar og andre oppgåver. Vi har fleire pensjonistar som hjelper til med å rigge lokalet dagane før arrangementet, samt hjelper til under sjølve stemnet. Det er dugnad frå kompisgjengen til Karsten, som køyrer rundt på tilreisande utøvarar. I tillegg til folk som elles ikkje har tilknyting til friidrettsmiljøet som bidreg i timesvis fordi dei synes det er kjekt. Alle har lyst til å vere med og skape noko for lokalmiljøet vårt. Dette motiverer Team Warholm! Og gjer at vi også står på enda meir for at opplevinga skal bli best mogeleg for alle.

– Utan denne formidable hjelpa, hadde det ikkje blitt noko KWI, slår Kristine fast.

– Dimna IL gjer ein enorm jobb som teknisk ansvarleg for stemnet. Det er svært gledeleg at vi også klarer å trekke til oss så mykje publikum til arrangementet. I år selte vi ut alle sitteplassane tre veker før stemnet starta, og det meste av ståplassane, fortel ho stolt. Totalt vart det selt 1.100 billettar i 2020. Det vitnar om stor interesse, og Kristine meiner dei har funne den rette formelen til arrangementet.

Matpause i dugnadsarbeidet under stemnet Karsten Warholm International. Foto: privat

Kompakt stemne

– KWI har vorte eit kompakt stemne med høgt nivå, også på den internasjonale scena. I tillegg har vi det lokale elementet som også trekk bra med publikum. Ulsteinhallen er ikkje bygd for så mykje publikum, forklarer Kristine ivrig.

– Så i 2019 fekk vi hjelp frå Kleven Verft og riggavdelinga der til å montere stillas som ekstra ståtribuner. Det fungerte veldig bra, og vart gjort på same viset i 2020, seier ho takknemleg.

KWI er basert på mykje av erfaringane ein har gjort seg gjennom 24 år med Florø Friidrettsfestival. Kristine forklarer litt av bakgrunnen for korleis KWI kom i stand.

– Ståle Jan Frøynes var sterkt delaktig i festivalen i Florø. Då den ikkje kunne arrangerast der lenger, lufta Ståle Jan ideen med meg, Karsten og Leif Olav om vi heller skulle prøve å få til eit elitestemne i Ulsteinvik. For å få til dette var vi avhengig av å samarbeide med ein klubb og teknisk arrangør, og gjorde ein avtale med Dimna IL på dette. Noko som vart eit fint tilskot i deira klubbkasse. Med teknisk arrangør på plass, så kunne vi gå i gong med den vidare planlegginga. Det vart ein del arbeidstimar i tida før stemnet for Ståle Jan som utøvarkoordinator og meg som prosjektleiar. Vi måtte få på plass gode startfelt, sikre økonomien i prosjektet samt anna innhald og rammer som må vere på plass for eit elitestemne. Men fire månader etter at ideen vart lufta for første gong var Karsten Warholm International 2019 ein realitet.

Karsten Warholm vart intervju av NRK etter innsatsen sin under KWI . Stemnet fekk brei dekning og sette Ulstein på kartet. Foto: Jens Inge Ringstad

Lagspel

Det er ikkje kven som helst som klarer å gjennomføre eit slikt arrangement. Korleis er dette mogleg å få til?

– Dette er på alle måtar lagarbeid, og vi er heldige som kan knyte til oss ei rekke nøkkelpersonar på ulike tidspunkt for at ting skal fungere, seier ho audmjukt.

For eksempel fortel ho at mormor til Karsten, Elsa, er laget sin «finansdirektør», pappa Mikal er altmoglegmann, Ståle Jan Frøynes er ein sentral person inn mot friidrettsforbundet, samarbeidet med Dimna IL er heilt sentralt, og ei rekke andre støttespelarar. Mange er med og bidreg når Ulsteinvik får besøk av verdsstjerner. Arbeidet er finstemt for å legge til rette for eit prikkfritt arrangement.

Ferskvare

– Dette med Karsten er «ferskvare». Det skjer no, og må prioriterast medan vi har det, fortel manager Kristine. Ho hadde jobba deltid for Karsten lenge, men då han vart verdsmeister i 2017 starta arbeidsmengda å auke for alvor. Etter kvart fann ho ut at dette måtte verte ei heiltidsstilling, og sa opp stillinga si hjå Ulstein Design & Solutions i Ulsteinvik for å gå fullt og heilt inn for Team Warholm og jobben med å legge til rette for Karsten. No handterer ho det meste frå kontoret sitt ved sjøen på Borgstein i Ulsteinvik. Alt frå planlegging av KWI til anna arbeid rundt verdsmeisteren, som TV-oppdrag, reklamejobbar, samarbeidsavtalar, media etc. Det er stor interesse, og mange som vil ha sin del av merkevara Karsten Warholm.

Karsten Warholm International 2021

TEAM WARHOLM! Kristine Haddal, Karsten Warholm, Leif Olav Alnes. Foto: NRK

Nyleg var Karsten på treningsleir heime i Ulsteinvik, og med trenar Leif Olav og lagkameratar, Amalie Iuel og Elisabeth Slettum, på plass i Ulsteinhallen fekk dei gjennomført gode treningsøkter. Ei trygg og god erstatning for det tradisjonelle trenaropphaldet på Tenerife, som grunna smittevern ikkje var mogleg å gjennomføre i år. For mamma Kristine var det kjekt å ha sonen på besøk.

– Ja, det er ikkje så ofte at Karsten er heimom lenger, så vi set stor pris på å ha han og teamet på besøk på heimebane i nokre dagar, seier ho.

Til trass for koronasituasjonen har det likevel skjedd mykje positivt for Team Warholm i 2020, og Kristine er veldig opptatt av å klare å halde liv i idretten framover.

– Ja, vi må vere kreative, og ikkje gi opp. Vi er glade for at Karsten har fått oppretthaldt treningar og rutinar under pandemien, og no er også målet og prøve å få til eit nytt KWI arrangement på nyåret 2021. Rett nok vil det bli i eit anna format enn tidlegare år, men det får vi til, spesielt med så mange engasjerte frivillige. Det er viktig å ikkje legge lista for høgt, men likevel klare å arrangere eit høgkvalitets stemne, i mindre skala. Det blir uten publikum, men vi satser på å nå ut til folket med full TV dekning. Samtidig skal det vere trygt og smittevennleg både for utøvarar og lokalbefolkning, og derfor vel vi å berre invitere med norske utøvarar denne gongen. Dette gler vi oss stort til, seier Kristine spent.

Mamma og manager

Til slutt må eg berre høyre litt meir om kva Kristine synes om det å vere både mamma og manager for verdsmeisteren. – Eg er sjølvsagt umåteleg stolt av Karsten, men eg skil rollene. Dette er eit resultat av hardt arbeid frå alle si side. Vi har bygd stein på stein, med eit lite team og ei form som fungerer optimalt for Karsten og hans utvikling. Eg stortrivast i denne jobben, den er svært variert. Eg får møte mykje dyktige folk, og det er kjekt å få vere med å skape på heimebane saman med moderklubben. Vi har hatt ei fantastisk reise så langt, og eg gler meg til fortsettinga, smiler Kristine.


Tekst Ellen Skodjevåg Bø
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/