Sommarfuglar i magen…

PÅ DAGEN mista eg omtrent alt av oppdrag, og koronaen har «dessverre» gitt meg meir tid. Tid til å tenke nytt, tid til å oppdatere meg innan fleire områder, og ikkje minst, tid til å utforme og fornye heimesida til SYTALAUST.

Det er med sommarfuglar i magen eg no lanserer den nye nettsida. Her kan du lese meir om SYTALAUST sine tenester og ulike kundeprosjekt, samt litt om DAGENS oppdateringar. Håper du likar den?! 🙂

Kanskje gir denne sida deg nokon tips til kva di bedrift kan bruke SYTALAUST si kompetanse og erfaring til? FOR NO vil eg ikkje ha meir ledig tid. Eg vil jobbe, jobbe, jobbe! Arbeidslysta er på topp, og eg håper på fleire oppdrag frå august av, og ser fram til ein magisk haust.

NYT FERIEN der du er!
GOD SOMMAR!

Smil Ellen