Vi er då herifrå…

Ahh.. På tirsdag hadde vi ein veldig fin tur. Som vanleg var det mykje «mosking» og suring før vi kom oss ut, men desto kjekkare når vi endeleg var ute og i gong.

Vi fekk med oss storegutane på sykkel oppover og bak Vassverket, og «lokka» med kor kjekt det ville bli å sykle heimatt i «full dryl». Dei gjekk fem på, og eg er imponert over innsatsen dei hadde oppover. Vi største gjekk til fots, med lisjetutta på ryggen. Totalt ca 12km.

Målet for turen var Kiberget og «Kamelane» som vi kallar dei – den ikoniske trerekkja på Nevstadnipa mellom Hareid og Ulstein. Furutrea har mange namn, og blir også kalla for blant anna «Karavanen» eller «Indianarane».

Gutane hadde delmål oppover, og sykla frå benk til benk og venta på oss som kom gåande attiveia. Siste stigning, før stien bort til Kiberget, var det konkurranse om kven som kom lengst utan å stoppe. Eg hadde ikkje trudd at karane skulle heie og motivere kvarandre fram på denne måten. Smila gjekk trill rundt. Slitne, men alle godt fornøgde med eigen innsats.

Råsa bort til Kiberget og vidare til «Kamelane» var «easypizi». MEN FOR eit skue. Utsikt så langt du kan sjå, alle vegar. Heilt nydeleg! Dette er kanskje noko av det beste eg veit. Gå i tørt fjellterreng, kike, og berre vandre bortover og la tankane flyte. Og enda betre, den gode samtalen med gutane. Då kjem det beste fram i oss alle. Love it!

Slike turar! Det skal ikkje meir til, før ein kjenner kor glad ein er i heimstaden sin og stoltheita over å få bu her. «Staycation»! Enda viktigare i år enn i fjor, men like viktig er diktet av Odd Magne Goksøyr, som skildra i fjorårets sommarutgåve av HEIMEBANE.

Nyt ferien heime der du er 🙂

Du kan lese heile utgåva med artikkelen her:
https://indd.adobe.com/view/9095a7f3-7704-4bdb-9d10-34b643864294?fbclid=IwAR0R0_hDEp-8iKLxkW8rJq7i3iazsttdInbgq_fkrVJqUNjJTiX5wsXQr-8