Friluftstrening på heimebane

ALTSÅ! Moltustranda! Heilt ute i havgapet. Her har eg tydelegvis vore alt for lite. Smeis kor fint! I slike omgjevnader er det ingenting som passar betre enn friluftstrening. Personleg trenar, Lars Petter Rønnestad, inviterer meg med på ein liten treningstur i hans område.

–  Velkoma til Moltustranda, kjem det glisande frå Lars Petter, i det eg stig ut av bilen like ved den splitter nye friidrettsstadion deira på Munkvoll. – Ja, her har vi det bra fint, og like der borte bur eg, med utsikt rett mot storhavet og Skorpa.

–  Eg tenker vi kan starte litt lenger ute i stranda. Der brukar vi å varme opp, enten med rask gåing eller jogging, alt etter korleis forma til personen er.

–  Ja, fortel litt. Kva har du starta med no? Jobbar ikkje du eigentleg som A-trenar i Volda TI Fotball?

–  På ettermiddagane er eg trenar, ja. Men med ledig tid på dagane, hadde eg lyst å bruke erfaringa mi innan idretten til å hjelpe andre til å kome i betre form. Derfor starta eg Friluftstrening. Eit utandørs treningskonsept for folk som ynskjer eit meir aktivt liv, fortel Rønnestad engasjert. Han har tidlegare vore trenar for fotballklubbane Brann, Hødd, Bergsøy, Åram/Vankam og Moltustranda.

Personleg trenar Lars Petter Rønnestad i Friluftstrening er klar for å få deg i god form

–  Flott, då har vi varma opp, og det er tid for å få opp pulsen enda litt meir. Vi prøvar bakken opp Moltudalen. Dei fleste som eg trenar kjenner godt at pulsen går opp her, og det er ein fin måte å måle progresjonen frå veke til veke på, fortel han. Eg skjønar godt kva han meiner. Hjartet slår raskare, og låra blir seigare og seigare.  

Oppe på toppen av bakken ser vi både Hidsegga og Storehanen, og går i retning mot sistnemnte. Lars Petter fortel litt meir om korleis han legg opp treningane. – Gjennom 10 veker jobbar vi med eit treningsprogram som vi før første trening skreddarsyr alt etter personen sitt mål, helse og form. Kvar veke har vi ei trening ute i lag, medan eg i tillegg fyl opp alle åleine-treningane. Dette er viktig for å motivere kunden til å nå målet sitt. Eg skal vere den største støttespelaren.

– Kven passar dette for?

For alle eigentleg. Også for dei som ikkje har trimma før, men som har lyst til å kome i gong med varig og regelmessig trening. Eg ser blant anna mange som er motiverte til å gå frå stillesitjing til eit meir aktivt liv, men som ofte raskt mistar motivasjonen fordi dei startar for hardt og monotont. Friluftstrening legg opp til rett variasjon mellom trening og restitusjon, og gir deg kompetansen til å kunne trene meir variert og effektivt, som også gir ei kjekkare oppleving.

Vi er tilbake til start, og tek litt nedjogg rundt den nye stadion. Styrkeøvingar er noko som fort blir nedprioritert med meg, så eg spør om litt rettleiing på det også.
Vi tilpassar alt etter behov og ønsker, og målet er at etter to månadar, så har du auka treningskompetansen og budd vedkomande til å halde oppe treningsnivået også etter at programmet med meg er ferdig, avsluttar Lars Petter, og oppmodar om å ta kontakt om dette kan vere eit interessant tilbod for deg.

Ta kontakt med Lars Petter Rønnestad i Friluftstrening for eit tilpassa tilbod.

Du kan lese meir om Friluftstrening på heimesida deira her


Tekst: Ellen Skodjevåg Bø – Foto: Sytalaust
Artikkelen er henta frå den siste utgåva av magasinet Heimebane.
Les heile utgåva her:
https://indd.adobe.com/view/f0242a7a-b4f3-4ba9-9335-c4756231b248?fbclid=IwAR20Chy8xdO9Bz7LGWU5zydxX9PgVFWlCkbCtHqIHGjvJruCIvw-RbcNEaQ

Fleire utgåver finn du her:
https://www.sytalaust.com/heimebane/